06
Jul
10

Nær vegs ende..

Då er vi kome til Seattle, og nærmar oss siste etappe for turen vår

Sidan sist etappe, har vi gjennomført ein heil del køyring, på grensa av det som er komfortabelt. Den største køyreetappen hittil, var frå Bridgeport i Sierra Nevada-fjella, og til ein plass som heiter Klamath, på kysten av nord-California. Vi køyrde frå Yosemite sitt dramatiske landskap og over til dei enormt imponerande Redwood-trea på kysten. Ein dag med omlag 14 timar på vegen vart avslutta med vel tiltrengt søvn i Klamath.  Etter at vi hadde vore i Klamath, reiste vi vidare, via Redwood-skogen, opp til Portland i Oregon.Vi stoppa på vegen til Portland, mellom anna i Eugene, Oregon, der vi var innom ein fantastisk restaurant som Håvard hadde funne fram til, ein restaurant som heiter Oregon Electric Station. Der fekk vi verkeleg fantastisk mat, god service, og i det heile var det ein velkommen avveksling frå det som blei vår nest største køyredag.

Vi var i Portland fjerde juli, nasjonaldagen i USA. På dagtid var vi overraska over kor lite aktivitet det var i byen, den var nesten heilt tom for folk, det var nesten ikkje folk i gatene i det heile. Det nytta vi til å gå rundt og sjå byen, gamledelen av byen, der vi var innom ein verkeleg bra Thai-restaurant, og der det var ein, til tross for den rolege byen, levande marknad som visstnok var fast innslag kvar laurdag og søndag. Etter dette, gjekk vi litt lenger inn i byen, og såg oss litt rundt. Etter det gjekk vi over elva og inn i ein annan bydel, Hawthorne, der vi fann ein artig liten bar og restaurant, med ein original bartender og eit akvarium på bardisken. Etter å ha kosa oss med god mat og drikke, og ei koseleg stemning, begynte vi å spasere innover mot sentrum, for å prøve å finne oss transport tilbake til campingplassen.

Fjerde juli er tydelegvis ein kveldsdag i USA. På dagtid er byen tom, men på kvelden var det hundretusenvis av menneske i gatene, og Portland sentrum var eit reint kaos. Fyrverkerishowet på elva trakk hundretusenvis av menneske, og kaoset var komplett. Vi såg fyrverkeriet frå den gamle brua i sentrum, Hawthorne-brua. Her hadde dei stengt av mesteparten av brua, sidan vekta av fleire tusen menneske ville vore for mykje for den. Det gjorde at vi måtte stå og vente til showet var over, noko som resulterte i at vi kom seint heimatt.

Dagen etter, i dag, køyrde vi frå Portland, og no er vi i Seattle, nord i Washington. Her skal vi vere i to dagar, før vi reiser til Vancouver i Canada, der vi skal levere inn bilen før vi reiser heimatt.

I morgon er planen at vi skal reise ned til Seattle sentrum, reise rundt i byen og oppleve kva den har å by på, det gledar vi oss til, dette blir den siste byen vi vitjar i USA, med unntak av onsdag, då vi skal inn til Snoqualmie og North Bend, dei to småbyane rett utanfor Seattle, der Twin Peaks blei spelt inn. Vi veit ikkje i kva grad den minner om Twin Peak som vi hugsar den frå TV-serien, men det gjenstår å sjå.

Neste oppdatering kjem frå Vancouver, før vi reiser heim att. Snakkast!

01
Jul
10

Vinsnobberi og høgdeflatulens

Då har det gått ei god stund sidan sist eg har oppdatert sida, men her kjem ei relativt fyldig oppdatering frå kva vi har gjortsidan sist oppdatering.
Sidan sist har vi hatt eit relativt hektisk skjema. Sidan forrige oppdatering, etter Big Sur, har visett og opplevd utruleg mykje. Etter å ha tilbrakt to netter på campingplassen i Moss Landing i Monterey-bukta, for vi vidare til Mountain View utanfor San Francisco. Denne lille byen er heimstad til bedrifter som til dømes Google, Symantec, og Apple sit hovudkvarter ligg like ved. Henri har ei tidlegare klassevenninne som bur der, og vi parkerte bubilen vår på parkeringsplassen utanfor, der vi overnatta i 3 netter. Vi nytta denne plassen som eit utgangspunkt for nokre turar inn til San Francisco, ein by vi har vore i før, men som absolutt er verdt besøket. På søndag var det Gay Pride-parade, den største av sitt slag i verda, og den samla fleire millionar tilskodarar. Her var det mykje rart, aldri har eg sett så mange nakne menneske spasere rundt i gatene i ein storby som om det skulle vore den mest naturlege tingen i verda, og forsamlinga var når alt kom til alt særs fargerik. Paraden mest, men også fleire av publikummerane. I det heile var det ein ekstremt variert folkemasse som var i San Francisco den dagen.

Etter å ha vore i San Francisco eit par dagar, reiste vi vidare til Napa Valley. Dette området er rekna som det beste vindistriktet i heile USA, og lagar mange særs gode (og dyre) vinar.  Der var det utruleg flott, med vinrankar så langt ein kunne sjå, og hundrevis av veldig flotte vingårdar som smykka dalen. Vi møtte på fantastisk hyggelege menneske på campingplassen vår der, noko som for så vidt også gjeld for alle våre erfaringar hittil på campingplassane vi har vore på.  Folk er openhjertige og gjestmilde, og det er lett å kome i samtale med folk, få hjelp og tips, og råd til kva ruter som svarer seg å ta.

Vi besøkte ein vingard, Beringer, som er ein av dei som har drive lengst i Napa valley. Her fekk vi ei omvisning, og litt undervisning i korleis ein lagar vin, og i historia til denne vingården. Vi fekk også smake eit lite utval av dei betre vinane dei produserar, desse var veldig interessante (og låg på eit norsk prisnivå, som er særs uvanleg i USA).

Etter å ha vore i Napa Valley eit par dagar, reiste vi vidare til Yosemite Nasjonalpark. Her var det eit veldig dramatisk og flott landskap, som gav flotte naturopplevingar. Vegane var då også av ein smal, bratt, og svingete art, som gjorde det meir interessant og utfordrande å køyre enn det generelt ellers er i USA; beint fram og heilt flatt. Vi klatra oppover fjellsida på snirklete vegar i ein ti tonns campingbuss, fram til vi var oppe i nesten 3500 meters høgde då vi køyrde over Tioga Pass, den høgaste fjellovergangen i California. Nedfarten var veldig bratt, og bremsene på bilen vart veldig varme, noko som var litt småskummelt, men etter at dei fekk kjølt seg ned, forsvann lukta frå bremsene, og vi hadde aldri noko redusert bremseeffekt. Men dette berre viser viktigheita av å vere forsiktig i nedoverbakkar, mykje meir so enn i oppoverbakkar.

Etter at vi hadde køyrd gjennom Yosemite, bestemte vi oss for å ta ein fridag, ein dag vi gjer ingenting. No campar vi på 2000 meters høgde, og blant dei artige effektane av dette, er at mjølk og juskartongane våre har esa ut og utvida seg, og vatnet vi har på flasker har gjort det same. Det lågare lufttrykket på denne høgda har også fått nokre mindre behagelege bieffektar, mellom anna sit fjertane lausare her, eit fenomen som kallast for High Altitude Flatus Expulsion, eller Høgdeflatulens på norsk. Dette har igjen ført til eit behov for ein høgare frekvens av ventilering, for å gjere det leveleg å vere i bubilen i det heile.

I denne høgda er lufta fantastisk klar, og nattestid ser vi utruleg mange stjerner, og melkevegen er tydeleg som dagen på himmelen. I går hadde vi ein fantastisk kveld med grilling, vin, musikk, bål og generelt kos. Stemninga er god, og vi set veldig stor pris på denne dagen i ro, ein dag heilt fri for køyring, og utan tidsplanar å overhalde.

I morgon reiser vi vidare, og reiser etter kvart ned i låglandet, noko som forhåpentlegvis får positive effektar på luftkvaliteten i bilen.. :P

24
Jun
10

Dagens eskapadar

I dag har vi køyrd frå vår forrige leirstad, Flying flags, og køyrd langs California sin kyst. California Highway 1 er ei svært kjent rute, og det er det veldig god grunn til. Landskapet her var ingenting anna enn spektatulært, overraskelsar bak ein kvar sving, som etterlet ein gispande etter meir.

Vi byrja reiseetappen omlag klokka 0700 om morgonen. Henri hadde fått vite at hans siste eksamen ved HiB var gått særs godt, og bekymringane hans forsvann som dugg for sola. Dette måtte sjølvsagt feirast, noko som vart gjort til gagns gjennom morgonen. Etter ein del tull med solskjermen til bilen, erklærte vi at vi var idiotar, som fikla med ting vi ikkje forstod, men like fullt fortsetter vi å fikle. Sånn er det berre.

I marsj satte vi, og GPSen insisterte på å køyre den raskaste vegen, som er kjedelege Highway 101, vi ville køyre highway 1. Denne gjekk heilt ute ved kysten og tilbydde betre utsikt, landskap og køyreopplevingar generelt. Dette fekk vi så til gagns, landskapet tok pusten frå oss kvar gong vi køyrde rundt ein sving, forblåste enger og frodige skogar side om side, og vegar som snirklar seg langs fjellsida som ein slange som desperat prøver å halde seg fast. Vi satt fast i kø i ein god times tid, av di ein pickup lenger framme tok fyr og brant heilt opp (ingen vart skadd).  Denne blokkerte trafikken ganske lenge, men vi hadde det fint, med kjølig drikke, fungerande toalett, senger osb. Sjølvsagt prata vi med andre billistar i nærleiken, slik seg høver når ein står fast i same kø, og konklusjonen er at folk flest er hyggelige :D .

Vi la oss opp ei god etappe i dag, køyre heile vegen frå der vi befant oss, og forbi Big Sur, og opp til vindistriktet i Monterey. No held vi til på ein campingplass ikkje langt frå Monterey, med veldig venlege folk som styrar denne. Eg hadde sjølvsagt kludra til bestillingen og bestilt ein dag seinare enn vi hadde planlagt, så hurra for meg. Men dette gjekk greit, av di ho dama som møtte oss var av ein særs vennleg og hjelpsom art. Så no grillar vi store stykker kjøt, drikk øl og vin, og kosar oss. i morgon har vi planar om å kome oss inn til Monterey, sett at vi greier å stå opp om morgonen, noko som slett ikkje seier seg sjølv.

23
Jun
10

Av gårde, Kåre!

Etter ein og ein halv dag i Los Angeles, gjekk vi av garde og henta bubilen vi skal bruke dei neste tre vekene. Vi var fullt klar over at vi hadde bestilt ein stor bubil, men dette var eit monster, også samanlikna med den bubilen vi hadde forrige gong. Ingen av oss ønskjer å tenkje noko særleg på karbonfottrykket vi set frå oss, men i og med at dette er USA, blir det nok eit lite eitt samanlikna med den jamne USA-borgar, som jo køyrer overalt, uansett distanse. Det er så jævlig med bilar her at det er skremjande, og omtrent ingen av dei har fornuftige drivstofforbruk.

I går kveld køyrde vi nordover i California, på jakt etter ein skikkeleg Campingplass. Først fann vi ein til 90$ natta, men det gadd vi ikkje betale, så då køyrde vi vidare. Men då fann vi ut kvifor dei kunne ta så mykje pengar, dei var nemleg den einaste campingplassen i ganske mange mils omkrets. Til slutt, relativt seint på natta, slo vi leir i Buellton, California, på ein campingplass som heiter Flying Flags RV Resort. Vi vart møtt av eigaren, ein pensjonert luftforsvarsoberst. Eg kom i samtale med han, og vi fekk kudos av di eg og har ei fortid frå luftforsvaret (det norske, duh!).  Vi fekk sågar rabatt og! :D

I dag går vegen vidare litt tilbake mot Santa Barbara, og så vidare oppover langs kysten mot Big Sur og etterkvart San Francisco. No har vi funne ut at det kanskje kunne svare seg å planleggje i alle fall litt, og gjerne vite kvar vi skal campe når vi byrjar å køyre… Vi får sjå korleis det går.

21
Jun
10

Ferie i gang!

Los Angeles calling..

Då var vi på plass i Los Angeles etter ein lang og keisam flytur. Vi fekk ikkje underhaldningssystem ombord på flyet, så vi var etterlatt til det vi sjølve kunne finne på. Noko som betydde mykje pisspreik, litt soving, litt musikk på øyret, og generell keisamheit. 11 timar utan noko å sjå på eller noko særleg grad av atspreding, det er i meste laget.

Vi brukte dagen vi kom i Los Angeles til å slappe av. Vi gjekk litt langs Venice Beach Boardwalk, den gata med gateseljarar, gatekunstnarar og ymse etablissment, som ein ser med jamne mellomrom både på Pacific Blue og Baywatch. Det er ein fantastisk interessant plass, her er det alt mogleg. Variasjonen som er her, er mykje større enn i ad-hoc badebyar som til dømes Rimini i Italia,  der ein i myke større grad såg lite som skilte seg ut frå det andre. I dag skal vi tusle litt rundt og oppdage byen, så skal vi vidare med bubil i morgon. (No er klokka 08:30 om morgonen, norsk tid er 17:39).

Eg har ikkje teke så mykje bilete enno, men dei kjem etter kvart som vi kjem i gang :D

31
Mai
10

Kvar går grensa for Israel?

No har dei gjort det igjen.  Israel, i sin evige kamp mot det palestinske folkets ve og vel, drap minst 19 fredsaktivistar, og kapra naudhjelpsforsyningane. I internasjonalt farvatn..

Nok ein gong gjentek historia seg. EU og ei lang rekke europeiske land, mellom anna Noreg, uttrykker at dei er “sjokkert” over handlinga, at det er “uakseptabelt” og so vidare. Men like fullt; eg har null tru til at verda kjem til å gjere noko anna enn å akseptere denne uakseptable handlinga, som ein alltid aksepterar alt Israel føretek seg. Dei har fått blankofullmakt til å kaste lovar og reglar, internasjonale avtalar på sjøen. Fordi dei er Israel. Eller er det fordi det er ubeleileg å kritisere dei? Er det fordi fiendebiletet i dag er prega av at det er muslimane som er “fiendane”, og at folk flest ikkje greier å halde meir enn ein tanke i hovudet samtidig? Israel har aldri vist vilje til å følgje internasjonale pålegg. FN-resolusjonar har aldri vore noko meir enn dårlege vitsar, i og med at USA har framstått som Israels skytsengel, som går god for kva enn dei gjer. Også no. Obama seier at det er trist at liv har gått tapt, men kritiserar han Israel for å drepe ubevæpna aktivistar i internasjonalt farvatn? Nope.

Israel respekterar ikkje lov og rett, og er soleis ein røvarstat. Dei gir beng i alle konvensjonar og avtalar, og kan etter mitt syn då heller ikkje påberope seg beskyttelse av dei same avtalane.  No må det då altså bli lov å angripe Israelske skip i internasjonalt farvatn. Bombe sivilbefolkinga, blokkere for matvarer, medisinar, byggematerialer, og bombe alt som likevel blir bygd opp.  Høyrest ikkje dette ut som noko drit? Ved å forkaste alle avtalar og lover, skadar Israel seg sjølv. I konflikt med andre aktørar, det seg vere land eller bevæpna opprøyrsgrupper, kan dei ikkje forvente å bli behandla i tråd med Genevekonvensjonane eller nokre andre avtalar. Dei kritiserar og truar med å bombe Iran for å utvikle det som mest truleg er sivil kjernekraft, medan dei, det mest blodtørstige landet i verda, sit på hundrevis av atomstridshovud, som dei sjølve benektar eksisterar. Samstundes har dei haldt fengsla Mordechai Vanunu i nesten 20 år, etter ulovlig å ha kidnappa han frå Roma. No, når dei har satt han “fri”, har dei tatt frå han all ytringsfridom, bevegelsesfridom og so vidare. Demokratiet gjeld ikkje om du ikkje er likt av regimet. Er det ikkje slik andre stader og?

Hykleriet fortsetter. Israel veit det at dei kjem til å bli fordømt, dei veit og at det er alt som vil skje. Ingen konsekvensar i det heile. Midtausten er deira leikeplass, deira skytefelt, og alle som bur og ferdast der, er underlagt nykkene til eit regime som blir stadig meir valdeleg, stadig mindre demokratisk anlagt, og stadig meir skremjande. Israel får ture på som før, men no får dei og lov til å ture på i internasjonalt farvatn. Kan hende vi plutseleg har eit Israelsk krigsskip nokre mil utanfor norskekysten, som skyt på alt dei ikkje likar?

Internasjonale lovar og reglar er til for å følgjast, viss ikkje, ender vi opp med eit kaos utan sidestykke, ei verdsorden der dei sterke kan mishandle dei svake, og dei svake blir desperate, og tek i bruk desperate verkemiddel. Ingen tener på ei slik verdsorden, og det er difor eg er av den oppfatninga at Israel i dag er den største trusselen mot stabilitet i verda, mot fred i store delar av den, og mot forsoning mellom fiendtlege partar.

Tiltak? Primært ønskjer eg ein full handelsboikott av Israel meir enn velkommen. Skal vi ha noko som helst truverd når det kjem til menneskerettar og folkerett, må vi slå hardt ned på overgrep som blir begått, inklusive Israelske overgrep. Dei er ikkje heilage, slett ikkje. Vidare tykkjer eg at det ville vore hensiktsmessig å setje inn fredsopprettande FN-styrkar, med mandat til å bruke makt for å opprette fred, det seg være mot palestinske terroristar, eller israelske terroristar.

Vi kan ikkje lenger sitje stille og sende brevmalen “Vi er sjokkert. Dette er uakseptabelt. Ver grei og slutt. Koz og klemz, Norway”, og forvente at det skal gjere noko som helst. Då kan vi like godt drite i å seie noko, når vi så tydeleg gir faen likevel. Ja, eg snakkar til deg, Stoltenberg. Når var sist du brydde deg om noko? Jaja, det får vere til ein annan gong.

Av og til kan ein ikkje lenger vere nøytral, av og til er det rett å velje side. Når sivile blir slakta av overmakta, når folk som berre vil hjelpe blir myrda i kaldt blod, då vi handle. Og no er tida til å handle mot Israel, ikkje med.

27
Mai
10

Framover

I dag vart eg konstituert som leiar av Velferdstyret i Bergen i første omgang fram til 20. september, av di Leonard takka ja til eit jobbtilbod i Oslo.

Det aktualiserar tankar rundt framtida (i alle fall den kortsiktige). Studiar, jobb, velferdsarbeid, alt skal sjonglerast på ein måte som ideelt sett gjer at det eine ikkje går ut over det andre, noko som allereie har vore utfordrande. Men utfordringar er vel til for å løysast, og det er vel og meininga at ein så skal ta lærdom av desse. Med denne tankerekka er utfordringen din ven, ein av dei som står bak deg og ropar “drikk, drikk!!” når du står der med drikkebongen,  som fører til at du vaknar opp med ny kunnskap (drikkebongar er farlege). Ein ven som oppmodar deg om å køyre rattkjelken ned den skråninga, som du så lærer at ikkje er ein god idé å køyre ned på rattkjelke i det heile. Utan hadde vi hatt det meir komfortabelt i augneblinken, men det ville berre vore keisamt på sikt.  Med dette bakteppet førebur eg meg på å kaste meg inn i det nye vervet som leiar, og det vidare arbeidet for å gjere studenttilværelsen i Bergen litt betre. For å tydeleggjere studentane, stimulere til engasjement, og å vidareformidle engasjementet til handling.

Studentdemokratiet, som eit kvart anna demokrati stiller krav. Til dei som sit med dag-til-dag-makta, og dei som sit med den øvste myndigheita. Velferdstinget og Velferdstyret svarar til studentane i SiB, til dei respektive studentråda/parlamenta.  Krav om å setje seg inn i saker, og å kome med sine oppriktige meiningar. Krav om ikkje alltid å seie det som i den enkelte situasjonen verkar mest komfortabelt, men det som er riktig. Kva som Velferdstinget skal prioritere å arbeide med, har vore ein gjenstand for debatt i Velferdstinget og i media, noko eg tykkjer er ein fantastisk styrke for Velferdstinget. Det er den typen debattar vi treng, for å kunne arbeide på ein måte som har noko føre seg. I saka om sprøyterom var eg ueinig med forslaget om å stryke punktet, av både politiske, samt instrumentelle, praktiske grunnar. Sjølv om eg var ueinig i forslaget, betyr ikkje det at eg like gjerne skulle sett at det ikkje kom, tvert i mot. Meiningar blir frykteleg svake om dei ikkje får utfordra seg frå tid til annan, fått luft under vingene, for å seie det på ein kjip, klisjeaktig måte.

Vidare framover håpar eg at vi får jobba så bra som mogleg for å betre studentane i Bergen sine kår, og eg håpar vi får ein brei debatt om velferd, studentpolitikk, og kva arbeidet med desse områda faktisk skal innehalde, og eg håpar at arbeidet vi gjer, kan bidra til at fleire vel å engasjere seg enn i dag; mangfald er nemleg ein uforbehalden styrke, i kva organ som helst, i kva samanheng det skulle vere.




Arkiv


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.