21
Jun
10

Ferie i gang!

Los Angeles calling..

Då var vi på plass i Los Angeles etter ein lang og keisam flytur. Vi fekk ikkje underhaldningssystem ombord på flyet, så vi var etterlatt til det vi sjølve kunne finne på. Noko som betydde mykje pisspreik, litt soving, litt musikk på øyret, og generell keisamheit. 11 timar utan noko å sjå på eller noko særleg grad av atspreding, det er i meste laget.

Vi brukte dagen vi kom i Los Angeles til å slappe av. Vi gjekk litt langs Venice Beach Boardwalk, den gata med gateseljarar, gatekunstnarar og ymse etablissment, som ein ser med jamne mellomrom både på Pacific Blue og Baywatch. Det er ein fantastisk interessant plass, her er det alt mogleg. Variasjonen som er her, er mykje større enn i ad-hoc badebyar som til dømes Rimini i Italia,  der ein i myke større grad såg lite som skilte seg ut frå det andre. I dag skal vi tusle litt rundt og oppdage byen, så skal vi vidare med bubil i morgon. (No er klokka 08:30 om morgonen, norsk tid er 17:39).

Eg har ikkje teke så mykje bilete enno, men dei kjem etter kvart som vi kjem i gang :D


1 Tilbakemelding til “Ferie i gang!”


  1. 1 Heidi
    21/06/2010 ved 18:40

    Eg kan ikkje la vere å kommentere sytinga over ein keisam flytur; de skulle til The US of A for faen! Og ingen stoppa dykk i å spele klespoker eller gruble.

    Er det sykkelpoliti der? Sånn som i TV-serien? Eller snutar på rulleskøyte? Då må de love å kroke ein for meg, det kan vere bygava mi. hihihi

    I fagre Noreg går alt sin vante gang. I morgon er det wineyrad, og på torsdag skal eg til Brønnøysund:)

    Ha fabelfantastiske dagar alle mannemenn!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Arkiv


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.