Etter ein og ein halv dag i Los Angeles, gjekk vi av garde og henta bubilen vi skal bruke dei neste tre vekene. Vi var fullt klar over at vi hadde bestilt ein stor bubil, men dette var eit monster, også samanlikna med den bubilen vi hadde forrige gong. Ingen av oss ønskjer å tenkje noko særleg på karbonfottrykket vi set frå oss, men i og med at dette er USA, blir det nok eit lite eitt samanlikna med den jamne USA-borgar, som jo køyrer overalt, uansett distanse. Det er så jævlig med bilar her at det er skremjande, og omtrent ingen av dei har fornuftige drivstofforbruk.
I går kveld køyrde vi nordover i California, på jakt etter ein skikkeleg Campingplass. Først fann vi ein til 90$ natta, men det gadd vi ikkje betale, så då køyrde vi vidare. Men då fann vi ut kvifor dei kunne ta så mykje pengar, dei var nemleg den einaste campingplassen i ganske mange mils omkrets. Til slutt, relativt seint på natta, slo vi leir i Buellton, California, på ein campingplass som heiter Flying Flags RV Resort. Vi vart møtt av eigaren, ein pensjonert luftforsvarsoberst. Eg kom i samtale med han, og vi fekk kudos av di eg og har ei fortid frå luftforsvaret (det norske, duh!). Vi fekk sågar rabatt og!
I dag går vegen vidare litt tilbake mot Santa Barbara, og så vidare oppover langs kysten mot Big Sur og etterkvart San Francisco. No har vi funne ut at det kanskje kunne svare seg å planleggje i alle fall litt, og gjerne vite kvar vi skal campe når vi byrjar å køyre… Vi får sjå korleis det går.


0 Svar til “Av gårde, Kåre!”