24
Jun
10

Dagens eskapadar

I dag har vi køyrd frå vår forrige leirstad, Flying flags, og køyrd langs California sin kyst. California Highway 1 er ei svært kjent rute, og det er det veldig god grunn til. Landskapet her var ingenting anna enn spektatulært, overraskelsar bak ein kvar sving, som etterlet ein gispande etter meir.

Vi byrja reiseetappen omlag klokka 0700 om morgonen. Henri hadde fått vite at hans siste eksamen ved HiB var gått særs godt, og bekymringane hans forsvann som dugg for sola. Dette måtte sjølvsagt feirast, noko som vart gjort til gagns gjennom morgonen. Etter ein del tull med solskjermen til bilen, erklærte vi at vi var idiotar, som fikla med ting vi ikkje forstod, men like fullt fortsetter vi å fikle. Sånn er det berre.

I marsj satte vi, og GPSen insisterte på å køyre den raskaste vegen, som er kjedelege Highway 101, vi ville køyre highway 1. Denne gjekk heilt ute ved kysten og tilbydde betre utsikt, landskap og køyreopplevingar generelt. Dette fekk vi så til gagns, landskapet tok pusten frå oss kvar gong vi køyrde rundt ein sving, forblåste enger og frodige skogar side om side, og vegar som snirklar seg langs fjellsida som ein slange som desperat prøver å halde seg fast. Vi satt fast i kø i ein god times tid, av di ein pickup lenger framme tok fyr og brant heilt opp (ingen vart skadd).  Denne blokkerte trafikken ganske lenge, men vi hadde det fint, med kjølig drikke, fungerande toalett, senger osb. Sjølvsagt prata vi med andre billistar i nærleiken, slik seg høver når ein står fast i same kø, og konklusjonen er at folk flest er hyggelige :D .

Vi la oss opp ei god etappe i dag, køyre heile vegen frå der vi befant oss, og forbi Big Sur, og opp til vindistriktet i Monterey. No held vi til på ein campingplass ikkje langt frå Monterey, med veldig venlege folk som styrar denne. Eg hadde sjølvsagt kludra til bestillingen og bestilt ein dag seinare enn vi hadde planlagt, så hurra for meg. Men dette gjekk greit, av di ho dama som møtte oss var av ein særs vennleg og hjelpsom art. Så no grillar vi store stykker kjøt, drikk øl og vin, og kosar oss. i morgon har vi planar om å kome oss inn til Monterey, sett at vi greier å stå opp om morgonen, noko som slett ikkje seier seg sjølv.


5 Svar til “Dagens eskapadar”


  1. 1 Heidi
    24/06/2010 ved 21:23

    Vindistrikt! *sukk* Eg føler avogtil at hybelen min er noko tilnærma eit vindistrikt, men dæven døtte og hurramegher! Dette høyrast verkeleg ut som noko:) Flotte bilete av flotte menn, hoho. For nokre apegjøkar!:)

  2. 2 ida
    25/06/2010 ved 08:34

    Kule bilder ole ! Du er så heldig! Kan ikkje eg være med deg til USA neste gang ? Plis ? Hehehe…
    Skal helse fra alle her heime i førde ! :D

  3. 3 Far
    25/06/2010 ved 23:17

    Halloen i unaiten. – Det ser ut til at de har det fint så langt. – Ho mor håparat ho snart får sjå Ole i nybarbert versjon på nettet….- på Oleland.
    GOD TUR VIDARE !

  4. 4 Guro
    27/06/2010 ved 21:23

    Høyrest ut som at dokke har de bra der borte!:) Ta masse bilde!!:D Og skriv masse!:) Spennande å lese:)

  5. 5 Ole
    29/06/2010 ved 07:00

    Takk takk, Ida. Vi får sjå på det du, skal ikkje sjå vekk frå det :)

    Hels tilbake frå meg, eg har ei veldig dårleg internettlinje no, men skal prøve å oppdatere i kveld eller i morgon


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Arkiv


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.